kundeWeb /mi side

Vår kundeweb er satt opp ,og “mi side“er klar til bruk.

Første gong må du registrera deg som brukar.

Registrer e-postadressa di og trykk på “Registrer bruker”

Legg inn brukernavn : kundenummer, pinkode , e-post og opprett nytt passord.

Kundenr. og pinkode finn du på fakturaen din.

På "mi side" har du full oversikt over ditt abonnement.

Din profil , avlesing , forbruk ,fakturaoversikt, økonomioversikt og detaljer for ditt abonnement.                                                        

IMG_20190313_172319.jpg

Ta kontakt med oss om du treng hjelp til innlogging.

Bli efaktura kunde hjå oss

eFaktura

Aurland Energiverk vil freiste å få våre kundar til å teikne e-fakturaavtale. Aurland Energiverk brukar mykje resursar på utsending av papirfakturaer 6 gonger årleg, og ynskjer difor å få flest mogleg av kundane til å gå over på eFaktura. Det er og ein miljøgevinst ved å nytta elektronisk utsending.

Avtaleteikning

Avtale om eFaktura teiknar ein i nettbanken, og ein vil då i ettertid få tilsendt faktura i innboks i nettbanken. Ein vil også  få varsel på epost om at det ligg ein faktura til handsaming i nettbanken.

eFaktura-referansenr. finn ein på sist utsende faktura frå Aurland Energiverk.

Betaling av faktura vert enklare, då all opplysningar ligg i denne, kidnr, kontonr, beløp og so vidare.

Ta kontakt med banken dykkar, om de ynskjer hjelp for etablering av eFaktura.

Avtalegirokundar

eFaktura kan kombinerast med avtalegiro. Avtalegiroen vil då gå som normalt (bli trekt frå konto automatisk), mens fakturakopien vil bli tilgjengeleg i nettbanken. eFakturaen vil då kun vera ein kopi, som ikkje skal behandlast i nettbanken.

Fakturavarsling

Ved fakturavarsling vert faktura sendt på e-post. Du kan og få ei varsling til telefon om at ein ny faktura er kommen frå oss. Fakturavarsling kan  kombinerast med avtalegiro.

Ta kontakt med oss så ordnar me dette for deg.