Avtalevilkår i Aurland Energiverk AS

(Revidert 19.03.2024)

Aurland Energiverk AS (AEV) leverer straum til deg etter Forbrukertilsynet sin standard kraftleveringsavtale. Her kan du lese standardavtalen

I tillegg har AEV følgende vilkår:

1.Oppstart/bestilling

  1. Ved bestilling gjev du AEV fullmakt til å:

    • Senda melding om byte av straumleverandør til Elhub (nasjonal database for det norske strømmarkedet).

    • Innhenta naudsynte opplysningar for å gjennomføra leverandørbytte.

    • Innhenta måleverdiar frå Elhub.

  2. Dersom straumanlegget ikkje vert avlese automatisk, må AEV ha ein målaravlesing som ikkje er eldre enn 3 månader for å kunne starte straumleveringa.

  3. Byte av straumleverandør skjer 14 dagar etter at AEV har motteke bestilling. Kundar som ynskjer oppstart tidlegare må samtykke til dette. Oppstart før angrefristen sitt utløp medfører at ein må betale for levert straum. Dette forutset at korrekte data er oppgjeve frå kunde.

  4. Er du kunde hjå AEV frå før og berre ynskjer å endre avtale, vil endring skje frå bestillingsdato, forutsett at ein ikkje har ein gjeldande fastprisavtale.

 

2. Leveringsvilkår

  1. Ved bestilling aksepterer du at AEV kan hente kredittvurdering av deg i samband med at ein inngår avtale, og eventuelt avvise oppstart på grunnlag av dette.

  2. AEV tek atterhald om endringer av-/eller nye offentlege avgifter.

  3. Det er alltid vilkåra på tidspunktet ein gjer bestillinga som er gjeldande for deg. Vilkåra blir sendt deg på e-post.

  4. Alle prisar til privatkundar er oppgjeve inkludert meirverdiavgift.

  5. Ved flytting til ny adresse ber AEV om at kunden melder dette til AEV seinast 7 virkedagar før flyttedato. Dette for å få avslutta straumavtalen på gamal adresse på rett dato.

 

3. Betalingsvilkår

  1. AEV fakturerer månadleg etter faktisk forbruk. Om måleravlesning manglar, vil estimerte måleverdiar frå netteigar bli lagt til grunn. Ved eventuelle endringar i AEV sine fakturarutiner, vil du bli varsla på førehand.

  2. Betalingsfrist er 14 dagar etter fakturadato.

  3. Gebyr kr. 15,- ink mva for papirfaktura. Elektronisk faktura (eFaktura, e-postfaktura, EHF-faktura) har ingen gebyr.

  4. Fakturabeløp på mindre enn 50,- vert overført til neste faktura.

  5. Dersom kunden har AvtaleGiro og avslutter denne, vil fakturaen bli sendt som papirfaktura. Gebyr for papirfaktura er 15,- ink mva.

  6. Dersom kunden har tilgode beløp ved avslutning av kundeforhold vert beløp som overstiger kr 10,- betalte ut. Kunden blir ikkje belasta for beløp under kr.10,-.

  7. Ved eventuelle ubetalte faktura nyttar AEV seg av Visma Amili til betalingsoppfølging.

  8. Beløp som er tilgode, men under 100,- på aktive kontraktar vert ikkje utbetalt, men trekt frå på neste faktura.

 

4. Angrerett

  1. Angrerett: Privatpersonar har angrerett 14 dagar etter bestilling, for å angre din bestilling, fyll ut angrerettskjema, og send dette til AEV. Har straumlevering starta er du sjølv ansvarleg for å bestille straumavtale hjå ny leverandør. Har du samtykka til oppstart før angrefristens utløp vil du bli fakturert for perioden vi har levert deg straum, men blir ikkje belasta for avbrotsgebyr om du har bestilt ein avtale med bindingstid.

  2. Aurland Energiverk AS behandlar all data i henhold til krav i personopplysningsloven.

  

5. Generelt

  1. AEV handsama alle data i samsvar til krav i personopplysningsloven.

  2. I tråd med personvern gjeldande frå mai 2018, treng AEV samtykke for å informere deg om nye produkt og tenester i ulike kanaler. Du gir ditt samtykke på Min Side, og det er gyldig til du eventuelt endrar det. AEV vil halde deg orientert og informert om det som gjeld ditt kundeforhold, uavhengig av samtykke.

Straumavtalar 

Aurlandsavtalen med binding, privat

  • Dette er ein standard variabel avtale , der prisen er fast per kalenderår. Prisen vert sett av Kommunestyret i Aurland kvart år.

  • Pris er gjeldande til og med 31.12.2024.

  • Varsel om ny pris for 2025 vert sendt ut seinast 30 dagar før utgang av gjeldande pris for 2024.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp, påslag eller gebyr, anna enn tidlegare nemnt fakturagebyr ved papirfaktura.

  • Avtalen har bindingstid ut kalenderåret. Dersom avtalen vert broten i løpet av gjeldande år, vil de utløyse eit avbrotsgebyr på kr 100 per attståande månad av inneverande år.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innafor forsyningsområdet, vert gjeldande pris vidareført på den nye adressa, Kunde må sjølv melde flytting til AEV.

  • I samsvar med “Lov om elsertifikater” inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld privatkundar.

Aurlandsavtalen med binding, næring

  • Dette er ein standard variabel avtale , der prisen er fast per kalendarår. Prisen vert sett av Kommunestyret i Aurland kvart år.

  • Pris er gjeldande til og med 31.12.2024.

  • Varsel om ny pris for 2025 vert sendt ut seinast 30 dagar før utgang av gjeldande pris for 2024.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp, påslag eller gebyr, anna enn tidlegare nemnt fakturagebyr ved papirfaktura.

  • Avtalen har bindingstid ut kalenderåret. Dersom avtalen vert broten i løpet av gjeldande år, vil de utløyse eit avbrotsgebyr på kr 100 per attståande månad av inneverande år.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innafor forsyningsområdet, vert gjeldande pris vidareført på den nye adressa, Kunde må sjølv melde flytting til AEV.

  • I samsvar med “Lov om elsertifikater” inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld næringskundar.

Aurlandsavtalen utan binding, privat

  • Avtalen er utan binding.

  • Du får tilbod om val av anna avtale ved overgang til nytt år.

  • AEV varslar endring av pris og vilkår med 30 dagars varsel pr. e-post, SMS eller brev.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny Aurlandsavtale med binding vil du automatisk fortsatt ligge på Aurlandsavtalen utan binding.

  • Du har ikkje avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vil gjeldande pris bli overført til ny adresse. Kunde må sjølv melde flytting til AEV.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for privatkundar.

Aurlandsavtalen utan binding, næring

  • Fastprisavtalen er utan binding.

  • Du får tilbod om val av anna fastpris ved overgang til nytt år.

  • AEV varslar endring av pris og vilkår med 30 dagars varsel pr. e-post, SMS eller brev.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale vi du automatisk fortsatt ligge på Kraftpris utan binding.

  • Du har ikkje avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vil gjeldande pris bli overført til ny adresse. Kunde må sjølv melde flytting til Aurland Energiverk.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for næringskundar

Fastpris privat 1 år med binding (utgått 01.01.2024)

  • Fastprisavtalen er bindande for avtalte periode.

  • Du får tilbod om ny fastprisavtale før avtalen går ut.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale når gamal avtaletid er over, vert straumavtalen din automatisk overført til Kraftpris utan binding.

  • Avtaletid for fastpris gjeldande år har bindingstid i heile perioden. Dersom avtalen vert broten i løpet av avtaleperioden, vil det bli eit avbrotsgebyr på kr. 100.- pr. attståande månad av avtaleperioden.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vert straumleveringsavtale vidareført på den nye anlegget.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for privatabonnement.

 
Fastpris privat med binding ut året (utgått 01.01.2024)

  • Fastprisavtalen er bindande frå oppstartsdato og ut avtalte periode.

  • Du får tilbod om ny fastprisavtale før avtalen går ut.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale når gamal avtaletid er over, vert straumavtalen din automatisk overført til Kraftpris utan binding.

  • Avtaletid for fastpris ut gjeldande år har bindingstid i heile perioden. Dersom avtalen vert broten i løpet av avtaleperioden, vil det bli eit avbrotsgebyr på kr. 100.- pr. attståande månad av avtaleperioden.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vert straumleveringsavtale vidareført til det nye anlegget.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for privatabonnement.

 

Fastpris privat utan binding (utgått 01.01.2024)

  • Fastprisavtalen er utan binding.

  • Du får tilbod om val av anna fastpris ved overgang til nytt år.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale vi du automatisk fortsatt ligge på Kraftpris utan binding.

  • Du har ikkje avbrotsgebyr.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vert det å tegna ny avtale på nytt anlegg.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for privatabonnement.

 

Fastpris næring 1 år med binding (utgått 01.01.2024)

  • Fastprisavtalen er bindande for avtalte periode.

  • Du får tilbod om ny fastprisavtale før avtalen går ut.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale når gamal avtaletid er over, vert straumavtalen automatisk overført til Kraftpris utan binding.

  • Avtaletid for fastpris gjeldande år har bindingstid i heile perioden. Dersom avtalen vert broten i løpet av avtaleperioden, vil det bli eit avbrotsgebyr på kr. 100.- pr. attståande månad av avtaleperioden.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vert straumleveringsavtale vidareført på den nye anlegget.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for næring.

Fastpris næring med binding ut året (utgått 01.01.2024)

  • Fastprisavtalen er bindande for frå oppstartsdato og ut avtalte periode.

  • Du får tilbod om ny fastprisavtale før avtalen går ut.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale når gamal avtaletid er over, vert straumavtalen automatisk overført til Kraftpris utan binding.

  • Avtaletid for fastpris ut gjeldande år har bindingstid i heile perioden. Dersom avtalen vert broten i løpet av avtaleperioden, vil det bli eit avbrotsgebyr på kr. 100.- pr. attståande månad av avtaleperioden.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, vert straumleveringsavtale vidareført til det nye anlegget.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for næring.

Fastpris næring utan binding (utgått 01.01.2024)

  • Fastprisavtalen utan binding.

  • Du får tilbod om val av anna fastpris ved overgang nytt år.

  • Avtalen har ikkje fastbeløp

  • Om du ikkje inngår ny fastprisavtale vi du automatisk fortsatt ligge på Kraftpris utan binding.

  • Du har ikkje avbrotsgebyr.

  • Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avbrotsgebyr.

  • Ved flytting innfor forsyningsområdet, må ein teikna ny avtale på nytt anlegg.

  • I samsvar med «Lov om elsertifikater» inneheld prisen kostnader til kjøp av elsertifikater.

  • Gjeld for næring.