Kraftavtalar privat

I Aurland Energiverk har du val mellom straumpris med binding 1 år, eller straumpris utan binding. Du betalar same pris for kilowattimane i heile avtaleperioden. Prisane inkluderer elsertifikat og mva. Frist for å bestille straumprisen med binding for eksisterande kundar er 20.01.2024. Resten av året er kun kraftavtale utan binding tilgjengeleg.

I kommunestyret 14.12.23 i Aurland kommune vart det vedteke prisar for levering av straum til innbyggarane i 2024. Sjå prisar i boksane under.

Eventuell statleg kompensasjon gjennom straumstøtteordninga vert trekt ifrå på nettleige delen av faktura frå Aurland Energiverk AS. Aurland Energiverk AS har gjennomfakturering med netteigar Sygnir AS.

Aurlandsavtalen 2024 med binding

Pris: 32 øre + 8 øre mva =
40 øre/kWh inkl. mva

Avtalen har binding ut 2024.
Denne er ikkje tilgjengeleg for eksisterande kundar etter 20.01.2024

Bestill:

Aurlandsavtalen 2024 utan binding

Pris: 50 øre + 12,50 øre mva =
62,50 øre/kWh inkl. mva

Avtalen er gjeldande for 2024, men har ikkje bindingstid. Avtalen er dyrare, men kunde kan når som helst seie opp avtalen. Denne kan bestillast i heile 2024.

Bestill: