Skjema for opplysningar om angrerett

Ved korrekt utfylt skjema anser vi opplysningane i angrerettlova § 8 første ledd bokstav h, i og j, jf. andre ledd, gitt.

Angrerett

Du har rett til å gå frå denne avtala innan 14 dagar utan å oppgje nokon grunn for dette.
Angrefristen utløper 14 dagar etter inngåing av avtala.

For å kunne nytte angreretten må du underrette oss:

Aurland Energiverk AS
Postadresse:
Grandavegen 4, 6887 Lærdal
Tlf.: 57 63 20 90
E-post: post@aev.no

på ein utvetydig måte om di avgjerd om å gå fra avtala (f.eks. i brev sendt med post eller e-post).

Du kan og nytte vårt angreskjema.

For å overhalde angrefristen er det tilstrekkeleg at du sender meldinga om at du vil nytte angreretten før angrefristen utløper.

Verknadane av at angreretten vert nytta

Dersom du går fra denne avtala, skal vi tilbakebetale alle betalingar vi har motteke frå deg, herunder leveringskostnadane (med unntak av tilleggskostnader som følgje av at du har valt ein anna type levering enn den billigaste typen standardleveringa vi tilbyr), uten unødig opphald og i alle tilfeller seinest 14 dagar etter den dag vi mottek melding om di avgjerd om å gå frå denne avtale.

Vi føretek tilbakebetaling med samme betalingsmiddel som du nytta ved den opprinnelege transaksjonen, med mindre du uttrykkeleg har avtala noko anna med oss.

I alle tilfeller vil du ikkje bli pålaga noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.