Personvernerklæring

Personvern er ein grunnleggande rettigheit som betyr at alle har rett til privatliv og til å kunne bestemme over eigne personopplysninger.

Aurland Energiverk AS ivaretek og beskytter våre kunder sitt personvern. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som kunde. Eksempel på dette er namn, adresse, fødselsnummer, kontonummer, målarnummer og opplysningar om straumforbruk. Du skal føle deg trygg på at handteringa av dine personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande regelverk, og at det vert iverksett eigna tiltak både teknisk og organisatorisk, slik at personopplysningane vert handtert sikkert og at behandlinga er dokumenterbar.

Behandlingsansvarleg

Aurland Energiverk AS er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar i samband med alle tenester Aurland Energiverk AS leverar. Ved å bestille og ta i bruk våre tenester etablerar ein eit kundeforhold, som dannar lovleg grunnlag for behandling av dine personopplysningar.

Behandlingsgrunnlaget

Dette vil typisk vere heimel i lov og forskrift, avtale med kunde eller samtykke. Eit anna alternativ kan vere såkalla berettiga interesse i favør av den behandlingsansvarlige.

Behandlingsføremål

Aktuelle behandlingsføremål for behandling av personopplysninger i Aurland Energiverk AS kan typisk vere:

  • Administrere kundeforhold

  • Måling, avrekning og fakturering

  • Teknisk drift og kundestøtte

  • Marknadsføring

  • Det lokale El-tilsyn (DLE)

  • Planlegge og byggje ut eller endre nettstruktur

Personopplysningane vert brukt til å administrere ditt kundeforhold, gje deg dei tenestene du har registrert deg for, gjennomføre leveransen og faktureringa. 

Aurland Energiverk AS behandler dei personopplysningane du oppgir når du registrerar deg hjå oss og opplysningar som du på anna måte gir frå deg, t.d. til din kraftleverandør. Eksempler på personopplysningar som vi utvekslar med din kraftleverandør kan vere fødselsnummer, navn, adresse, e-postadresse, mobilnummer og id knytt til ditt målepunkt/anlegg. Nettselskapet innhentar og lagrar ditt personnummer frå folkeregisteret.

Oppbevaring og lagring av personopplysningar

Vi oppbevarer personopplysningar i henhold til gjeldande lovgjeving og sørgjer for tekniske og organisatoriske tiltak som gir tilstrekkeleg sikkerheit for personopplysningane.

Personopplysningane dine vil berre bli lagra så lenge Aurland Energiverk AS har eit rettsleg grunnlag for dette, og under ingen omstende ikkje lenger enn det som følgjer av den til einkvar tid gjeldande lovgjeving. Rettsleg grunnlag vil være avtale, samtykke eller heimel i lov. Når Aurland Energiverk AS ikkje lenger har rettsleg grunnlag for lagring av personopplysningar, vil opplysningane bli sletta eller anonymisert.

Utlevering av personopplysningar – tausheitsplikt

Vi vil ikkje utlevere personopplysningar som omhandlar deg eller nokon i same husstand til utenforståande, unnateke når utlevering av personopplysningane skjer:

a.    Med samtykke frå den som opplysninga gjeld,

b.    Med heimel i lov eller forskrift gitt med heimel i lov,

c.    Etter pålegg fra domstol eller anna myndigheit, eller

d.    Som ledd i betalingsinnkreving mv. der det føreligg saklege grunnar.

Innsyn og rettigheiter

Du har til einkvar tid rett til innsyn i dei opplysningar som Aurland Energiverk AS har registrert om deg. Du kan også kreve retting og sletting av personopplysningar i samsvar med gjeldande lovgjeving.

Tilslutning til bransjenorm

Aurland Energiverk AS er tilslutta bransjenorm for personvern og informasjonssikkerheit i Energibransjen.  Informasjon om bransjenormen finn ein hjå EnergiNorge 

Informasjonskapslar

aev.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.