Kraftavtalar privat
I Aurland Energiverk har du val mellom fastpris på kraft med binding 1 år, eller fastpris på kraft utan binding. Fastpris med binding er kun mogeleg å bestilla før 15.01. Resten av året er kun fastpris utan binding tilgjengeleg. Du betalar same pris for kilowattimane i heile avtaleperioden. Prisane inkluderer elsertifikat og mva. For både fastpris med binding og utan binding har kommunestyret i Aurland kommune vedteke at alle husstandar skal ha eit tilleggsbeløp på kraftprisen som tilsvarar den til ein kvar tid gjeldande statlege straumkompensasjon.
Kraftpris 2023 med binding
Pris: 32 øre + 8 øre mva =
40 øre/kWh inkl. mva
Avtalen har binding ut 2024.
Denne kan berre bestillast før 15.01.24.
Dersom vi ikkje får inn bestilling innan denne dato vert abonnementet avrekna etter Aurlandsavtalen utan binding.
Bestill:
Kraftpris 2023 år utan binding
Pris: 36 øre + 9 øre mva =
45 øre/kWh inkl. mva
Avtalen er gjeldande for 2024, men har ikkje bindingstid. Avtalen er dyrare, men kunde kan når som helst seie opp avtalen. Denne kan bestillast i heile 2024.
Bestill:
Etter kommunestyrevedtak i Aurland kommune har dei vedteke at straumstøtta skal tilbake til kommunen. Dette vert gjort ved at gjeldande straumstøtte frå Staten vert for kvar månad lagt til som ei eige linja på faktura frå kraftleverandør. Men tilsvarande beløp vert trekt frå på faktura frå netteigar.
Prisane inkluderar elsertifikat og mva
Fastpris med binding gjeld ut året 2023 og har bindingstid i heile perioden.
Dersom vi ikkje får inn bestilling innan 15.01.2023 vert avtale avrekna etter kraftpris utan binding.
Dersom avtalen vert broten i løpet av avtaleperioden, vil det bli eit avviklingsgebyr på kr. 100.- pr. attståande månad av avtaleperioden.
Ved flytting ut av forsyningsområdet, vil det ikkje bli rekna avviklingsgebyr.
Ved flytting innafor forsyningsområdet, vert straumleveringsavtale vidareført på det nye anlegget.
Me tek atterhald om endring av offentlege avgifter. Me tek også atterhald om regulering av kraftprisen dersom konsesjonskraftprisen vert vesentleg endra.