Kraftleveringsavtalar for 2024

Fastprisavtalen for 2023 utløper 01.01.2024.

Nye straumavtaler og prisar for 2024 blir fastsett av kommunestyret i Aurland på kommunestyremøtet, 14.12.2023.

Når prisar for 2024 er bestemt, vil du motta eit tilbodsbrev der du blir informert om pris og vilkår, frist for bestilling, og du vil få moglegheit til å bestille. Du som i dag har straumavtalen fastpris utan binding, vil også motta vårt tilbodsbrev.

Dersom du ikkje bestiller ny avtale innan fristen som blir nevnt i tilbodsbrevet, vil ditt straumabonnement bli overført til straumavtalen som idag heiter fastpris utan binding frå 01.01.2024. Pris på denne er 45 øre/kWh inkl mva. Denne avtalen kan kostnadsfritt seiast opp.

Me er plikta å varsle om kommande endringar i din straumavtale 30 dagar på førehand, difor kjem dette varselet før dei nye prisane er vedteke i kommunestyret.

Me ynskjer våre kundar ei riktig god førjulstid!


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Aurlandsavtalen 2024

Neste
Neste

Påska 2023