Om Aurland Energiverk

Aurland Energiverk AS har områdekonsesjon på heile Aurland kommune. Dette inneber at vi har monopol på å drive distribusjon av elektrisk kraft i kommunen.

I tillegg til Aurland Energiverk AS sin områdekonsesjon har E-CO Vannkraft as og Bane Energi anleggskonsesjon i Aurland kommune. Anleggskonsesjon gjev selskapet rett til å drive eit avgrensa anlegg i kommunen.

Omfattande linjenett

Det er bygt eit omfattande linjenett i Aurland kommune, mykje av dette i samband med kraftutbygginga som Oslo Lysverker har gjennomført i bygda.

Noko av desse anlegga vart bygde på ein slik måte at dei seinare har gått inn som naturlege deler av straumforsyningsanlegget i bygda.