Kraftomsetjing

Aurland Energiverk AS har avtale med Aurland Kommune om å formidle sal av all konsesjonskraft som Aurland Kommune har rett til å ta ut frå dei store kraftutbyggingane som har vore i kommunen

Aurland Kommune er samla tildelt omlag 225 GWh i konsesjonskraft, ein kan likevel ikkje ta ut meir enn det som går med til alminneleg forsyning i Aurland, omlag 130 GWh.

Aurland Energiverk AS sel kun kraft til kundar i Aurland og det overskytande vert omsett til ei kvar tid gjeldande spotpris.

flaam-sentrum

Konsesjonskraft

Aurland kommune har rett til å ta ut konsesjonskraft som kompensasjon for kraftutbygginga. Denne krafta sel Aurland kommune til Aurland Energiverk AS for vidare sal til kundar i Aurland.

Rimeleg kraftpris

Aurland kommune og Aurland Energiverk AS har som mål å gje kundane i Aurland ein så rimeleg kraftpris som mogeleg, samstundes som Aurland kommune skal vere sikra ei lita forteneste på konsesjonskrafta.