Sponsing

Aurland Energiverk AS er sponsor til Aurland Idrettslag, Aurland Skyttarlag, Aurland Jakt og Fiskelag og Trudvang Kino.

Aurland Energiverk sin filosofi er at me skal vera ein støttespelar i lokalsamfunnet, so skal støtta opp om organisasjonar som gjer ein innsats i lokalmiljøet.

Støtte utover dei faste sponsoravtalane, vil bli handsama individuelt etter søknad i desember kvart år. Søknadsfrist er 15. november i tildelingsåret.