Aurlandsavtalen 2024

Den rimelege konsesjonskraftavtalen i Aurland kommune gjer at alle husstandar, hytteigarar og næringslivet i Aurland får tilbod om gode straumavtalar.

Aurland Kommune har no vedteke pris og vilkår for straumavtalar i 2024, dersom du ynskjer å bestille dei nye straumavtalane må dette gjerast innan 20.01.2024.

Følgjande prisar/avtalar gjeld for perioden 01.01.24 - 31.12.24.

Aurlandsavtalen med binding: 32 øre/kWh + 8 øre/kWh mva = 40 øre/kWh inkl mva

(Denne kan berre bestillast fram til 20.01.2024)

Aurlandsavtalen utan binding: 50 øre/kWh + 12,50 øre/kWh mva = 62,50 øre/kWh inkl mva

(Denne kan bestillast heile 2024)

Ved bestilling av Aurlandsavtalen med binding innan 20.01.2024, vil avtalen ha oppstart frå 01.01.2024 for ditt straumabonnement.

Dersom du ikkje bestiller Aurlandsavtalen med binding (32 øre/kWh eks mva) innan fristen 20.01.2024 , vil ditt straumabonnement automatisk bli overført til Fastpris utan binding (45 øre/kWh) frå 01.01.2024. Straumavtalen fastpris utan binding, utgår 20.01.24, og blir erstatta med Aurlandsavtalen uten binding som har pris 62,50 øre/kWh.

Du kan bestille avtale for 2024 ved å logge inn på Mi side:

Mi side

Eller bruke følgjande bestillingskjema:

Bestillingskjema Privat

Aurlandsavtalen med binding


Aurlandsavtalen utan binding

Bestillingskjema Næring

Aurlandsavtalen med binding


Aurlandsavtalen utan binding

Straumstøtte

Kommunestyret i Aurland har vedteke at straumstøtte frå netteigar no skal gå direkte til kundane.

Det vil ikkje lenger vere eit påslag i kraftprisen tilsvarande straumstøtta ,slik som hittil i 2023.

Straumstøtta vil difor gå til kundane frå  01.12.2023.

Avtalevilkår for Aurland Energiverk AS, sjå vedlegg i motteke informasjon pr brev, mail eller nettsida vår.

Ta kontakt dersom du har spørsmål

Me ynskjer alle våre kundar ei retteleg God Jul!


Forrige
Forrige

Påsken 2024

Neste
Neste

Kraftleveringsavtalar for 2024