Sjekkliste for ein tryggare heim

  • Hugs å slå av kokeplater etter bruk. Har du lett for gløyme, monter tidsur.
  • Gløym ikkje kokekar slik at dei kokar tørre
  • Termostathjul for strykejern og liknande skal stillast til eit minimum etterat ein er ferdig med arbeidet før støpselet vert trekt ut.
  • Trekk alltid ut støpselet til termostatstyrte eletriske apperat som kaffitraktar, og liknande etter bruk.
  • Bruk ikkje større lyspærer enn anbefalt!!Ei 25w lyspære kjem opp  i ein temeratur på  89*C.  Hugs god lufting mellom lyspære og lampeskjerm. Sjå etter svimerker og liknande.
  • Bruk aldri lause lamper på barnerom.
  • Tørk aldri klede på eletriske varmeovnar. Bruk ikkje vifteovn i rom der barn og dyr oppheld seg.
  • Slå alltid av vifteovn når den ikkje er under tilsyn.
  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn.
  • Lofilter på tørketrommel må reingjerast etter bruk pga.varmeutvikling.
  • Bruk aldri varmetepper /puter utan tilsyn !(td. når ein søv).Varmeteppe/puta må ikkje brettast.
  • Trekk ut sikringane ein gong i året!!!Hugs også inntakssikringane!Har du automatsikringar , bør desse kontrollerast av autorisert installatør.
  • Gammalt eletrisk utstyr kan vera brannfarlig og bør kastast!Flytt for eksempel aldri gamle komfyrar ol.ut på hytta  utan at dei er kontrollert .(isolasjonsmålt)Kjøp heller ikkje elektriske apparat på td. loppemarked utan at dei er kontrollerte !