Kraftomsetjing i Aurland

Aurland Energiverk AS har avtale med Aurland kommune om kjøp av all konsesjonskraft som Aurland kommune har rett til å ta ut frå dei store kraftutbyggingane som har vore i kommunen. Aurland kommune er samla tildelt omlag 225 GWh i konsesjonskarft, ein kan likevel ikkje ta ut meir enn det som går med til alminneleg forsyning i Aurland, omlag 58 GWH.

Aurland kommune og Aurland Energiverk AS har som mål å gje kundane i Aurland ein så rimeleg kraftpris som mogeleg, samstundes som Aurland Kommue skal vere sikra ei rimeleg forteneste på  konsesjonskrafta. Aurland Energiverk AS sel kraft berre til kundar i Aurland og selskapet er ikkje aktivt på kraftbørsen.

Sjå våre Kraftprisar