Konsesjonskraft

Aurland kommune har rett til å ta ut konsesjonskraft som kompensasjon for kraftutbygginga.
Denne krafta sel Aurland kommune til Aurland Energiverk AS for vidare sal til kundar i Aurland.

Rimeleg kraftpris

Aurland kommune og Aurland Energiverk AS har som mål å gje kundane i Aurland ein så rimeleg kraftpris som mogeleg, samstundes som Aurland kommune skal vere sikra ei lita forteneste på konsesjonskrafta.

Sal av kraft

Aurland Energiverk AS sel berre kraft til kundar i Aurland Energiverk AS sin områdekonsesjon, d.v.s i Aurland kommune med unnatak av nokre små område som vert forsynt av EB-Nett as og Voss Energi as.