Historie

Aurland Kommunale Kraftlag vart skipa i 1972 etter eit oppkjøp av Leinafalli L/L som hadde stått for hovudtyngda av straumforsyninga i Aurland kommune. Leinafalli med Leinafossen kraftverk er framleis ein viktig del av Aurland Energiverk AS. Kraftverket er presentert under om oss.

Aurland Kommunale Kraftlag gjekk inn i Voss og Omland Energiverk AS 1.1.1992. Tre år seinare valde Aurland kommune å gå ut av denne samanslutninga, og alle eignelutar som Aurland kommune hadde sett inn i Voss og Omland Energiverk AS vart overført til Aurland Energiverk AS.

Les meir i Årsmelding 2010

Selskapet har frå 1.1.1996 hatt ansvaret for straumforsyninga (områdekonsesjon) i Aurland kommune. Energiverket har sidan starten hatt eit nært samarbeid med Lærdal Energi som mellom anna omfattar felles administrasjon, innleige av kundeservice og felles økonomifunksjon.