Bli efaktura kunde hjå oss

eFaktura

Aurland Energiverk vil freiste å få våre kundar til å teikne e-fakturaavtale. Aurland Energiverk brukar mykje resursar på utsending av papirfakturaer 6 gonger årleg, og ynskjer difor å få flest mogleg av kundane til å gå over på eFaktura. Det er og ein miljøgevinst ved å nytta elektronisk utsending.

Avtaleteikning

Avtale om eFaktura teiknar ein i nettbanken, og ein vil då i ettertid få tilsendt faktura i innboks i nettbanken. Ein vil også  få varsel på epost om at det ligg ein faktura til handsaming i nettbanken.

eFaktura-referansenr. finn ein på sist utsende faktura frå Aurland Energiverk.

Betaling av faktura vert enklare, då all opplysningar ligg i denne, kidnr, kontonr, beløp og so vidare.

Ta kontakt med banken dykkar, om de ynskjer hjelp for etablering av eFaktura.

Avtalegirokundar

eFaktura kan kombinerast med avtalegiro. Avtalegiroen vil då gå som normalt (bli trekt frå konto automatisk), mens fakturakopien vil bli tilgjengeleg i nettbanken. eFakturaen vil då kun vera ein kopi, som ikkje skal behandlast i nettbanken.